Ferdig


Huset er ferdig! Fantastisk! Vi flytta inn for eit par veker sidan og smiler frå øyre til øyre. Her er nokre  bilete av dei aller fleste romma i huset- velkommen! Er det noko de lurar på så berre spør.







































Straum i huset

No ser vi lyset. Onsdag denne veka fekk vi straum i huset. Det er både kjekt og praktisk med lys i spottane, no slepp vi lyskastaren når vi skal montere resten av kjøkken. For kvar dag som går blir nye rom ferdigstilt, også kartveggen oppe er no på plass. Den passar godt for oss som likar å reise.







Trampar i golvet!

No er golvet på plass i huset! Vi har parkett av typen Karsh Portofino eik som er ein kvitpigmentert  tostavsparkett.  Golvlistene lakka vi eit strok med kvitlakk slik at dei passar betre saman med golvet. Golvbelegget er på plass i våtromma, og vi gler oss til å sjå korleis badet og vaskerommet blir når baderomsmøblene kjem inn. Trappa blir levert i veka før 17.mai, elektrikar startar fullføringa inne på måndag og røyrleggjar måndagen etter det igjen. Spanande tider!










Vegger og rom

 

Endeleg kom veggen av bjørkeskog på plass, og vi er veldig nøgde! Den står i gongen, og lagar eit fint avbrekk i alt det kvite. Vi skal også ha ein vegg av eit verdskart oppe i loftsstova, men den veggen er ikkje kome på plass enda. Barneromma er ferdig no, etter grunning og to strok maling. Ønskje om rosa rom vart ikkje innfridd, men i staden blei det lyse tonar i lilla, blått og grønt. Dugnadshjelp har vi hatt her også, tusen takk til svigermor!

 









 

Steinbra

 Ein laurdag i april var vi ein heil gjeng for å hente stein der vi skal ha plen rundt huset og vidare på ekra. Både store og små hjelparar gjorde sitt til at vi vart fortare ferdig, og hadde det kjekkare undervegs. Ein kan vel ikkje skrøyta på seg at det er eit triveleg arbeid, for jammen var det mykje stein å hente! Resultatet vart bra, så no er det berre å vente til vi får horva, så er det ny runde.















Påsken 2013

 

Påsken er over og no har det verkeleg begynt å ta form inne i huset. Mange av romma er allereie kledde både på vegg og tak. Påskeaftan vart brukt til å skru kjøkken saman med ein rutinert kjøkkenmontør, onkel Tore. Flott med god hjelp! No er alle modulane skrudd saman, men berre veggskapa er "lodda" på plass. Benkeplata og frontane er bestilt, og vi vil gjere kjøkkenet ferdig når golvet er lagt. Vi skal ha ferdigbehandla plater i alle rom utanom barneromma, der skal vi ha ubehandla plater som vi skal male sjølv. Har ikkje bestemt oss for kva farge det blir. Kom gjerne med tips!  Nett no har vi ønskje om rosa rom frå guten på 2 år. Vel, vel.

 

Kjekt med store endringar for kvar dag som går, og no ser det ut til at vi kanskje kan feire nasjonaldagen i nytt hus. Vi gleder oss!

 

Vi skal selje huset vi no bur i, Granli, og visninga er 7.april. Er du eller nokon du kjenner interessert i småbruk eller kan tenkje deg hytte i Jøsenfjorden? Sjå linken:  Granli 





















Huset på Krovoll

Vi har i fleire månadar sagt at vi skal "opp på tomtå" når vi snakkar om huset vårt. Slik har det vore både då vi skoga og rydda klart til graving, og etter at husbygginga var i gong.  For at det ikkje skal bli heitande "tomtå" for evig og alltid, har vi funne eit namn.  "Før i tida" hadde mange ekrer og stader som høyrte til gardane ulike namn, og fleire av dei er det nok berre dei færraste som kjenner til og bruker dei.  Staden vi byggjer hus heiter frå gamalt av Krovoll. (Eller "Krovådel"  ville ein nok sagt på dialekt.) Dette namnet kjem frå "hjørnet av ei ekra". Kro=hjørne/krok, voll=grasbakke/eng. Vi synest det er kjekt å ta namnet i bruk!

Det var stas då dei byrja å kle huset utvendig denne veka. Det er allereie behandla, slik at vi berre treng eit strok med maling denne sommaren.







Kjøkken



Her har vi gjort små endringar heilt fram til i dag. Frå starten av skulle vi ha ein heil vegg mot gongen, noko som gav meir plass til kjøkken, men som vi etter kvart fann ut vart lite praktisk med tanke på ein måtte ha gått gjennom stova kvar gong vi skulle på kjøkken. Difor blir det satt inn ei lita skyvedør, 70 cm, i eine enden av veggen.  Vi har open løysning mellom stova og kjøkken. Dette gjer at ein har innsyn til kjøkken frå eine kanten av stova, og for å unngå at ein ser for mykje rot på kjøkkenbenken (ja,ikkje alltid like lett å halde orden med 3 små),har vi nå flytta kjøleskap og skap med steikeomn til kanten av kjøkkenbenk. Denne står ut mot stova der vi skal ha spisebord. Elles er det meste standard med oppvaskmaskin mellom vask og komfyrtopp. I veggskapa med vitrinedører skal vi ha lys. Vi trur det blir gråfarge på frontane, men dette er ikkje heilt bestemt enda. Vi skal ha kvite vegger, så litt kjekt med kontrastar. Nokre innspel på farge?

(Bileta av kjøkkenet viser oppdeling mellom skapa og benkaplata, slik blir det ikkje i røynda)


Mykje i veggane



I gamle hus er det ofte snakk om at det ligg mykje i veggane, eg kan bekrefte at det også i nye hus ligg mykje i veggane. Røyrleggjaren har fått på plass røyr i røyr gjennom vegg og tak saman med avløp, dei "vanlege" arbeidskarane har montert store ventilasjonsrøyr til kvart rom, nokre stader både tilførselsrøyr og avsugsrøyr, og til slutt har elektrikaren fått på plass det elektriske. Det har vore stor aktivitet denne veka, det er lys i huset både seint og tidleg.









Glimt i ruta



Dei flinke arbeidskarane har stått på heile dagen for å få vindauga på plass. Plutseleg vart det meir liv i huset, og ein får eit betre bilete på korleis huset blir til slutt. No går det raskt i svingane, og vi har har gått gjennom romma for å bestemme el punkt og skal i møte med elektrikar i morgon. Satsar på at både rørleggjar og elektrikar kjem neste veke.

Som de ser på bileta var det fantastisk ver i Jøsenfjorden i kveld!
















Les mer i arkivet » Juni 2013 » Mai 2013 » April 2013
Nupen

Nupen

28, Hjelmeland

To store og tre små, det er oss. Minstemann født i august 2012, storebror er to år og storesøster er tre år. Vi har budd mange ulike stader då vi studerte; alt frå Stord i Hordaland til Sioux Falls i USA. No er tida inne for å byggje hus. Heimbygda Jøsenfjorden er den naturlege plassen for oss å satse som familie. Her har vi flott natur, og kort veg til både sjø og snø. Jøsenfjorden er ei lita bygd i Hjelmeland kommune med litt over 100 innbyggjarar. Skulen måtte gi tapt i fjor, men barnehagen er blitt restaurert og flott, og er viktig for alle småbarnsfamiliar her i bygda! Det er mellom anna butikk her, og mange koselege fastbuande og hyttefolk i fjorden.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits